Nyhende

Om denne nettstaden

Denne nettstaden inneheld ein del statisk informasjon om Eid IL Handball. Den daglege informasjonsflyten i handballgruppa skjer hovudsakleg på Facebook. Oppmenn, trenarar, spelarar og føresette finn og delar nødvendige opplysningar i dei ulike gruppene våre der.


Viruspandemien: Avlyst aktivitet

Eid IL Handball og Haugen IL Handball bestemte 11. mars 2020 å avlyse all aktivitet i idrettshallane våre på ubestemt tid. Dette gjeld både handballtreningane og vår del på barneidretten. Det skal heller ikkje vere nokon andre samankomster i regi av Eid IL Handball.

Vedtaket gjeld frå og med 11. mars og på ubestemt tid framover. Vedtaket er gjort på bakgrunn av generelle råd frå helsestyresmaktene og er i tråd med dei andre tiltaka for å hanskast med koronaviruspandemien (Covid-19).

Då det til vanleg er stor aktivitet i idrettshallane og mange er innom i løpet av ein dag, veit vi at desse lokala er ekstra utsette for smittefare.

Det skal heller ikkje arrangerast nokon avslutningar i regi av handballgruppa.

Dette vedtaket vart først kunngjort på sidene til Eid IL Handball på Facebook 11. mars 2020.

Arrangement sesongen 2019–2020

Her er arrangementsplanane for hausten 2019 og vinteren/våren 2020. Hugs at det kan kome endringar – kampar kan framleis bli flytta. Oppmennene må derfor alltid sjå etter oppdateringar på www.handball.no før arrangementa.

Treningstider 2019–2020

Her finn du treningstidene for Eid IL handball og Haugen handball i Eid idrettshus og Eidahallen.

Treningstidene til Haugen handball er merkte med raud farge.

Sesongstart 2019–2020

Vi ønskjer alle spelarar, trenarar, oppmenn, føresette og tilskodarar velkomne tilbake til den nye handballsesongen. Dei første kampane er i gang, og vi gler oss til nye reiser og arrangement.

Informasjonen om laga våre i toppmenyen blir oppdatert etter kvart som opplysningane endrar seg. Oppmennene må hugse å oppdatere laginfo undervegs i sesongen.

Dei nye treningstidene og arrangementsoversikta for hausten 2019 blir lagde ut når alt er klart.

Live-registrering

Dette er den tredje sesongen med live-registrering. Styret arrangerer kurs når det er behov for det. Det er også lurt å orientere seg og finne gode tips på sidene til NHF.

Ballstorleikar, speletider m.m.

Under «Regelverk» i toppmenyen finn du opplysningar om ballstorleikar, speletider m.m.

Sportsplan for Eid IL handball

På årsmøtet 3. mars 2017 vart sportsplanen for Eid IL handball presentert. Sportsplanen er utarbeidd av Geir Dale og ligg under «Nyttig informasjon» i toppmenyen.

Overgangsreglar for ungdomshandball

Her finn du reglane for overgang frå aktivitetsserien (J/G 6–11 år) til regionsserien (J/G f.o.m. 12 år).

Desse reglane finn du også under «Nyttig informasjon» i toppmenyen.







Powered by: Bloc