Nyhende

Om denne nettstaden

Denne nettstaden inneheld ein del statisk informasjon om Eid IL handball. Den daglege informasjonsflyten i handballgruppa skjer hovudsakleg på Facebook. Oppmenn, trenarar, spelarar og føresette finn og delar nødvendige opplysningar i dei ulike gruppene våre der.


Arrangement våren 2019

Her er arrangementsplanen for våren 2019. Hugs at det kan kome endringar - kampar kan framleis bli flytta. Oppmennene må derfor alltid sjå etter oppdateringar på www.handball.no før arrangementa.

Laga våre

Sesongen er godt i gang, og i toppmenyen her kan du finne informasjon om laga våre.

Oppmennene må hugse å oppdatere laginfo undervegs i sesongen.

Sesongstart 2018–2019

Vi ønskjer alle spelarar, trenarar, oppmenn, føresette og tilskodarar velkomne tilbake til den nye handballsesongen. Treningane er komne godt i gang, og vi gler oss til dei første kampane.

Torsdag 6. september kl. 20 inviterer vi alle trenarar og oppmenn til oppstartmøte i klubbhuset. Der vil vi informere nye og gamle kjende om den nye sesongen.

Informasjonen om laga våre i toppmenyen her vil bli oppdatert når alle brikkene er på plass.

Treningstider 2018–2019

Her finn du treningstidene for Eid IL handball og Haugen handball i Eid idrettshus og Eidahallen.

Treningstidene til Haugen handball er markerte med blå farge.

Ballstorleikar, speletider m.m.

Under «Regelverk» i toppmenyen finn du opplysningar om ballstorleikar, speletider m.m.

Sportsplan for Eid IL handball

På årsmøtet 3. mars 2017 vart sportsplanen for Eid IL handball presentert. Sportsplanen er utarbeidd av Geir Dale og ligg under «Nyttig informasjon» i toppmenyen.

Overgangsreglar for ungdomshandball

Her finn du reglane for overgang frå aktivitetsserien (J/G 6–11 år) til regionsserien (J/G f.o.m. 12 år).

Desse reglane finn du også under «Nyttig informasjon» i toppmenyen.




Levert av IdrettenOnline